Trainee Vest 2024/25 - NAV fylkeskontor Vestland Trainee HR
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i NAV. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Trainee HR
Ønskjer du å støtte våre leiarar og bidra til at dei lykkast i arbeidet sitt? Saman med oss i NAV fylkeskontor Vestland vil du få jobbe for ein organisasjon som gir menneske moglegheiter. Du vil få eit breitt ansvarsområde der du verkeleg kan sjå resultat av arbeidet ditt. Kontoret har 45 tilsette og er bindeleddet mellom Arbeids- og velferdsdirektoratet og alle NAV-kontora i Vestland fylke.
Her vil du møte eit godt, inspirerande fagleg og sosialt miljø med kontor sentralt i Bergen. Du blir ein del av avdeling for organisasjonsutvikling som mellom anna jobbar med leiarutvikling, innovasjon, økonomi, eigedom, IKT, sikkerheit og arkiv. Du kjem til å samarbeide med kollegaer på alle desse felta og fleire til. Vi har opplæringsprogram for nytilsette og ei fleksibel ordning for heimekontor. Du får høve til å trene i arbeidstida. Du får medlemskap i Statens pensjonskasse. Som trainee får du også jobbe med dei andre avdelingane på fylkeskontoret, og kollegaer på NAV-kontora, Arbeidslivssenter og Arbeidsrådgivingskontor. Vi kan love innhaldsrike og utviklande arbeidsdagar, der du vil kunne hospitere i dei ulike utvala og få jobbe med employer branding.
Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna kunne omfatte:
• rådgiving og leiarstøtte i HR spørsmål
• rekruttering og tilsettingsprosessar
• utgreie og analysere relevant HR-informasjon som avgjerdsunderlag
• utvikle, forbetre og gjennomføre opplæringsprogram innan HR
• arbeid med kultur- og organisasjonsutvikling
• arbeid med kompetanseutvikling
Statleg tilsetting i kode 1434 i lønsspenn frå kr 524 700 til 565 900 (lønstrinn 53 – 58).
Dine kvalifikasjonar som trainee
• Utdanning på minst bachelornivå innan HR, organisasjonspyskologi eller andre relevante fag
• God digital kompetanse
• God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det er ein fordel om du har erfaring frå lov og avtaleverk innan HR-feltet og samarbeid med tillitsvalde og verneteneste.
Personlege eigenskapar
Vi ser for oss at du arbeider strukturert, er initiativrik og utviklingsorientert. Du kan vise til god gjennomføringsevne der du er ein relasjonsbyggar med særskilt gode samarbeidsevner.
Kontakt
Sjå gjerne meir på www.nav.no, eller ta kontakt med Aida Cisic-Dizdar, avdelingsdirektør Avdeling for organisasjonsutvikling på Aida.Cisic-Dizdar@nav.no
Trainee Vest tilbyr et bredt spekter av stillinger innen mange ulike fagområder. Som trainee gjennom vårt traineeprogram får du en unik kombinasjon av faglig og personlig utvikling.
En traineestilling byr på ny kompetanse, nye utfordringer, nettverk i næringslivet og flotte opplevelser gjennom året.
Registrer din søknad med vitnemål/karakterutskrift og CV innen 10. Januar 2024.
Ved spørsmål om Trainee Vest, vennligst ta kontakt per epost NO.jeffersonwells.traineevest@jeffersonwells.no
Nøkkelord | HR and people management, Rekruttering, Analyse, Organisasjonspsykologi, Employer Branding |
Bransjekategori | Offentlige tjenester / Forvaltning |
Bransje | Helse / Sosial |
Alternativ bransjekategori | Administrasjon / Kontor / Personal |
Alternativ bransje | Personalarbeid / Rekruttering |