NAV fylkeskontor Vestland søkjer trainee til fagområdet video/medieproduksjon
Ønskjer du å jobbe på eit felt som er viktig for samfunnet? Vil du hjelpe oss å nå ulike målgrupper med historieforteljing og levande bilete som verktøy? Har du lyst å til lære meir om arbeidsmarknaden og velferdsordningane våre, og formidle det til verda omkring oss?
Då kan NAV fylkeskontor Vestland vere staden for deg. Kontoret har 45 tilsette og er bindeleddet mellom Arbeids- og velferdsdirektoratet og alle NAV-kontora i fylket.
Arbeidsoppgåvene dine
• Vere med på å bygge opp eit system for korleis NAV Vestland skal utnytte video som verktøy i intern og ekstern kommunikasjon. Vi har nyleg vedteke ein videostrategi for å sikre at vi jobbar profesjonelt, effektivt og samordna på området. Du blir ein del av gruppa som skal setje strategien ut i livet.
• Produsere korte videoar til bruk i informasjon, profilering, opplæring og sosiale medium.
• Gi råd, opplæring og brukarstøtte til kollegaer som skal filme – som regel med mobilen – og hjelpe dei å sy saman opptak til ferdige produkt.
• Kome med idear til korleis vi kan bruke video for å kommunisere med ulike målgrupper, og gi faglege råd om når video er det rette valet – og når det ikkje er det.
• Vere vår kontaktperson for NAV sitt webinarsenter på Leikanger og andre miljø som arbeider med video.
• Brukarteste og evaluere det vi produserer.
• Halde oversikt over planlagde og produserte videoar, og motivere kollegaer i heile fylket til å bruke det som blir produsert.
Du vil jobbe tett med kollegaer som kan kommunikasjon, personvern og innhaldet som skal formidlast, men som manglar den produksjonstekniske kompetansen som du kjem med.
Vi ønsker at du har:
• Utdanning på minimum bachelornivå innanfor video-/medieproduksjon eller andre relevante fag.
• Praktisk erfaring som innhaldsprodusent frå ide til ferdig produkt, med særleg vekt på det tekniske bak kamera, med redigering og anna etterarbeid.
• Erfaring med relevant programvare. Vi brukar mellom anna Davinci Resolve og Subtitle Edit og publisering på Stream og Vimeo.
• Evne og interesse for å gi råd og brukarstøtte til kollegaer på ulike kunnskapsnivå.
• Eit kreativt hovud, som samtidig jobbar planmessig og strukturert.
• Ei god blanding av nysgjerrigheit, tolmod og pågangsmot sidan dette er eit nytt felt som du skal vere med å forme.
I tillegg er det flott om du kjenner deg att i nokre av desse punkta:
• Kjenner krava til universell utforming og korleis vi oppfyller dei i praksis.
• Har erfaring med foto og/eller grafisk utforming.
• Kan skrive nynorsk, som er hovudspråket vårt.
• Har evne til å hive deg rundt og løyse ei oppgåve med kort frist.
• Trivst med å ta kontakt med nye folk og bygge deg eit nettverk.
Vi tilbyr:
Eit godt fagleg og sosialt miljø med kontor sentralt i Bergen. Du blir del av ei avdeling som mellom anna jobbar med strategi, analyse, kommunikasjon og innovasjon. Du kjem til å samarbeide med kollegaer på alle desse felta og fleire til. Vi har opplæringsprogram for nytilsette og ei fleksibel ordning for heimekontor. Du får høve til å trene i arbeidstida. Som trainee får du også jobbe med dei andre avdelingane på fylkeskontoret, og du får reise rundt i fylket og møte kollegaer på NAV-kontora.
Løn som rådgivar, stillingskode 1434 lønstrinn 52 – 58. For særs kvalifiserte kan anna løn vurderast.
Registrer din søknad med vitnemål/karakterutskrift og CV innen 11.april.
Ved spørsmål om Trainee Vest vennligst ta kontakt per epost
NO.jeffersonwells.traineevest@jeffersonwells.no