Kunnskap som formar samfunnet gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida? Video:
https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Trainee - Seniorkonsulent ved Det humanistiske fakultet (forskningsrådgjeving)
Ønskjer du ei spanande og utfordrande stilling ved Universitetet i Bergen? Er du motivert for ein karriere ved eit ambisiøst fakultet? Vil du vere med og bidra til å gjennomføre strategiske mål innan forsking og formidling ved Det humanistiske fakultet?
Det humanistiske fakultet (HF) har ein stor og spanande fagportefølje og mange flinke forskingsmiljø og forskarar. Vi søkjer etter ein dyktig og motivert trainee som kan bidra til å vidareutvikle fakultetet. Nyutdanna søkarar med inntil tre års arbeidserfaring kan søke. Som trainee hos oss vil du få arbeide med varierte oppgåver og bli ønska velkommen av erfarne medarbeidarar. Du vil få mykje kontakt med tilsette og kollegaer på tvers av organisasjonen, og arbeidet krev god dialog og formidlingsevne. Fakultetet har fire institutt, som er grunneiningane for forsking, undervising og formidling, og har også administrativt ansvar for to tverrfakultære senter. Fakultetet har om lag 3300 studentar og 460 fast tilsette.
Du vil få sjansen til å jobbe praktisk innan ulike arbeidsfelt innanfor forskings- og formidlingstøtte. Stillinga er knytt til Seksjon forsking og formidling ved fakultetssekretariatet og vil jobbe tett med fakultetsleiinga på tvers av administrative fagfelt.
Her finn du meir informasjon om forsking ved Det humanistiske fakultet.
Arbeidsoppgåver
- Rådgjeving og administrativ støtte til eksternfinansierte forskings- og infrastrukturprosjekt
- Koordinering og støtte knytt til søknadsregistrering, kontraktarbeid, prosjektgjennomføring og -rapportering
- Kartlegging og informasjon om relevante mogelegheiter for finansiering nasjonalt og internasjonalt
- Delta i relevante forskingsadministrative nettverk
- Informasjons- og kommunikasjonsarbeid, inkludert forbetringsarbeid med nettsider
- Rådgjeving, saksførebuing og sekretærfunksjon for Forskings- og forskerutdanningsutvalet ved fakultetet
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett oppdaterer seg fagleg og bidreg til utviklinga av feltet. Den som blir tilsett må rekne med endringar i oppgåver og nye arbeidsfelt. Alle i administrasjonen må vere førebudde på å ta del i førefallande oppgåver.
Vi kan tilby
- Løn tilsvarande lønssteg 57 - 62 (kode 1363). For tida utgjer det kr. 525.700,- til 573.500,- per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.
- Eit sosialt, fagleg og utviklande arbeidsmiljø
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Stilling i ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Fleksitid og gode velferdsordningar. Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: kva kan universitetet tilby sine medarbeidarar? | HR-avdelinga | UiB
I tillegg får du som trainee
- Gratis medlemskap i Bergen Næringsråd
- Gratis medlemskap i Bergen Unge Profesjonelle (Bergen UP)
- Plass i traineeprogrammet til Bergen Næringsråd (Trainee Vest)
Vi søkjer etter deg som
- er ansvarleg og løysingsorientert
- samarbeider og kommuniserer godt
- arbeider nøyaktig, systematisk, analytisk og har god gjennomføringsevne
- er sjølvstendig, serviceinnstilt og initiativrik
- taklar høgt arbeidstempo med krevjande arbeidsoppgåver og tidsfristar
- er raus og inkluderande og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane.
Vi ønskjer at du har
- Relevant utdanning på mastergradsnivå med oppnådd mastergrad innan oppstart i stilling
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- God digital kompetanse inkludert god kunnskap om Microsoft Office-programvare
- Relevant erfaring knytt til fleire av ovannemnde arbeidsoppgåvene er ein føremon
Generell informasjon
Du kan få utfyllande opplysningar om stillinga ved å ta kontakt med seksjonssjef Kirsten Moen på telefon 55 58 80 85, eller ved e-post
kirsten.moen@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Registrer din søknad med vitnemål/karakterutskrift og CV
innen 30. januar.
Ved spørsmål om Trainee Vest vennligst ta kontakt per epost
NO.jeffersonwells.traineevest@jeffersonwells.no