Kunnskap som formar samfunnet gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida? Video:
https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Trainee - Seniorkonsulent ved Det humanistiske fakultet (Strategisk leiarstøtte og HR)
Ønsker du en spanande og utfordrande stilling ved Universitetet i Bergen? Er du motivert for en karriere på et ambisiøst fakultet innan en spannande sektor?
Det humanistiske fakultet (HF) har ein stor og spanande fagportefølje og mange flinke forskarar. Vi søker etter ein dyktig og motivert trainee som kan bidra til å utvikle fakultetet vidare. Vi ønsker fortrinnsvis deg med eit til tre års relevant erfaring, men nyutdanna kan også søke stillinga.
Som trainee hos oss vil du få arbeide med varierte oppgåver og bli ønsket velkommen av erfarne medarbeidarar. Du vil få mye kontakt med tilsette og kollegaer på tvers av organisasjonsnivå, og arbeidet krev god dialog og formidlingsevne. Du vil få sjansen til å jobbe praktisk innan ulike arbeidsfelt innanfor strategisk leiarstøtte og HR-feltet. Stillinga er knytt til Seksjon for HR og service ved fakultetssekretariatet og vil jobbe tett med fakultetsleiinga på tvers av administrative fagfelt.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene i denne stillinga vil famne bredt mellom styre- og utvalsarbeid, prosjekt- og koordineringsoppgåver, utredningsarbeid, leiarstøtte og saksbehandling.
Hovudoppgåvene vil særleg være knytt til:
- Oppfølging og vidareutvikling av planverk for internkontroll, HMS, beredskap, personvern kompetanse og miljø.
- Administrativ oppfølging og koordinering av fakultetets areal
- Arbeid med bemanningsplanar og eventuelle endrings- og omstillingsprosessar
- Sekretærfunksjon for Fakultetsstyret og Valstyret
- Rådgiving og saksførebuing i rekrutteringsprosessar og andre HR-relaterte oppgåver.
- Utrednings- og prosjektoppgåver på tvers av administrative fagfelt
- Arbeide med og koordinering av høyringsfråsegner
- Utvikling og forbetring av prosesser og rutinar
- Generell leiarstøtte
Vi kan tilby
- Ei allsidig stilling med gode moglegheiter for variasjon, påverknad og kompetanseutvikling
- Løn tilsvarande lønssteg 57 - 62 (kode 1363). For tida utgjer det kr. 525.700,- til 573.500,- per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.
- Eit godt fagleg og sosialt miljø
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Stilling i ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Fleksitid og gode velferdsordningar. Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: Hva kan universitetet tilby sine medarbeidere? | HR-avdelingen | UiB
I tillegg får du som trainee
- Gratis medlemskap i Bergen Næringsråd.
- Gratis medlemskap i Bergen Unge Profesjonelle (Bergen UP).
- Plass i traineeprogrammet til Bergen Næringsråd (Trainee Vest)
Vi søkjer etter deg som
- er ansvarleg og løysingsorientert
- samarbeider og kommuniserer godt
- arbeider nøyaktig, systematisk, analytisk og har god gjennomføringsevne
- er sjølvstendig, serviceinnstilt og initiativrik
- taklar høgt arbeidstempo med krevjande arbeidsoppgåver og tidsfristar
- er raus og inkluderande og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane.
Vi ønskjer at du har
- Relevant utdanning på mastergradsnivå med oppnådd mastergrad innan oppstart i stilling
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- God digital kompetanse inkludert god kunnskap om Microsoft Office-programvare
- Relevant erfaring knytt til fleire av ovannemnde arbeidsoppgåvene er ein føremon
Generell informasjon
Du kan få utfyllande opplysningar om stillinga ved å ta kontakt med seksjonsleiar Arve Sennesvik, tlf. 55 58 47 16 eller e-post:
arve.sennesvik@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Registrer din søknad med vitnemål/karakterutskrift og CV
innen 30. januar.
Ved spørsmål om Trainee Vest vennligst ta kontakt per epost
NO.jeffersonwells.traineevest@jeffersonwells.no