Kunnskap som formar samfunnet gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida? Video:
https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Trainee - Prosjektøkonom – seniorkonsulent ved Det humanistiske fakultet
Ønskjer du ei spanande og utfordrande økonomistilling ved Universitet i Bergen? Er du motivert for ei karriere ved eit ambisiøst fakultet? Vil du hjelpe flinke forskarar å styre økonomien i prosjekta deira?
Velkomen som søkjar til ei stilling som trainee (seniorkonsulent) innan prosjektøkonomi ved Det humanistiske fakultet. Vi treng ein dyktig og motivert trainee så snart som mogeleg. Fakultetet ønskjer å auke aktiviteten dei neste åra gjennom vekst i eksternfinansierte prosjekt. Prosjekta er stort sett innan forsking, men er òg knytt til vidareutdanning m.m.. Dei største finansieringskjeldene er Noregs Forskingsråd, EU-kommisjonen og offentlege organ.
Som trainee hos oss vil du arbeide med varierte oppgåver og erfarne medarbeidarar ønskjer deg velkomen.
Du vil få sjansen til å jobbe innan ulike arbeidsfelt innan økonomi, som innkjøp og controlleroppgåver, men med mest vekt på prosjektøkonomi.
Fakultetet har fire institutt og to sentre. Prosjektøkonomen vert ein del av Økonomiseksjonen som har ti tilsette og er ein del av fakultetsadministrasjonen.
Arbeidsoppgåver
Prosjektøkonomen følgjer sine prosjekt frå A til Å, frå søknadsarbeid til oppstart, oppfølging og avslutning. I alle desse fasane er det svært viktig å forstå og forklare verknaden prosjekta har på grunnløyvinga og totaløkonomien, og å ha eit overordna blikk på porteføljen i samband med budsjettering og rapportering.
Eksempel på arbeidsoppgåver:
- Støtte prosjektleiar i søknadsfasen ved å gi råd og lage prosjektbudsjett til diverse søknadsportalar. Berekne framtidige effektar på totaløkonomien og formidle dette til institutt- og fakultetsleiing.
- Opprette og avslutte prosjekt i gjeldande prosjektmodul. Budsjettere og formidle økonomiske konsekvensar for andre delar av økonomien.
- Følge opp prosjekta i heile levetida og halde dei à jour: jamleg oppfølging mot kontrakt og budsjett, bokføre fakturaer og enkelte typar lønskostnader, fakturering, dialog og rapportering til prosjektleiar, finansieringskjelde og institutt/fakultet.
- Opparbeide særskilt kompetanse om enkelte prosjekttypar og einingar ved fakultetet.
- Utvikle og forbetre modellar, prosessar og rutinar
- Bidra til andre driftsoppgåver som seksjonen har ansvar for
Vi kan tilby
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, utfordrande arbeidsoppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
- Løn tilsvarande lønssteg 57 - 62 (kode 1363). For tida utgjer det kr. 525.700,- til 573.500,- per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.
- Ei stor kontaktflate i organisasjonen
- Erfarne kollegaer som deler kunnskap
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Stilling i ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Fleksitid og gode velferdsordningar. Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: Hva kan universitetet tilby sine medarbeidere? | HR-avdelingen | UiB
I tillegg får du som trainee
- Gratis medlemskap i Bergen Næringsråd
- Gratis medlemskap i Bergen Unge Profesjonelle (Bergen UP)
- Plass i traineeprogrammet til Bergen Næringsråd (Trainee Vest)
Vi søkjer etter deg som
- har god forståing for tal og økonomi
- er ansvarleg og løysingsorientert
- samarbeider og kommuniserer godt
- arbeider nøyaktig, systematisk, analytisk og har god gjennomføringsevne
- er sjølvstendig, serviceinnstilt og initiativrik
- taklar høgt arbeidstempo med krevjande arbeidsoppgåver og tidsfristar
- er raus og inkluderande og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane.
Vi ønskjer at du har
- Mastergrad i økonomiske fag, med oppnådd mastergrad innan oppstart i stilling
- Relevant praksis er ein føremon, men ikkje naudsynt
- Brei røynsle i bruk av Excel og god digital kompetanse
- Evne til å forstå kontraktar og utlysingar for forskingsprosjekt på norsk og engelsk
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
-
Generell informasjon
Nærare informasjon om stillinga får du frå seksjonsleiar Annhild Fetveit, telefon 55 58 93 86 eller e-post:
annhild.fetveit@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Ta gjerne en titt på www.uib.no
Registrer din søknad med vitnemål/karakterutskrift og CV
innen 30. januar.
Ved spørsmål om Trainee Vest vennligst ta kontakt per epost
NO.jeffersonwells.traineevest@jeffersonwells.no