I fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett utdannar vi lærarar for framtidas barnehage og skule og profesjonsutøvarar innan kunst, kultur, idrettsliv og folkehelse. Forskinga skal bidra til å løyse samfunnsutfordringar innanfor dei same områda. Fakultetet har 6000 studentar og 600 tilsette fordelt på campus Bergen, Sogndal og Stord. Vi kan tilby eit stort, godt og inkluderande arbeidsfellesskap med eit meiningsfullt oppdrag.
Vil du vera med å byggja landets neste universitet?
Vi søkjer no
Trainee ved fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Vi er på jakt etter deg som kan tenkje nytt rundt informasjonsarbeid, synleggjering av forsking og utviklingsarbeid i studieprogramma, fakultetet sitt samspel med arbeidsliv og korleis vi bruker digitale system. Er du oppteken av utdanning og forsking og korleis utdanningsinstitusjonar løyser samfunnsoppdraget sitt? Då treng vi deg på laget! Målet vårt er å utvikle betre system og samanheng mellom utdanning, forsking, internasjonalisering og arbeidsliv. Stillinga vil vere plassert i utdanningsadministrasjonen på fakultetet, men ha ei sterk kopling til eining for forsking og internasjonalisering.
Aktuelle oppgåver
- Systematisere og bygge struktur for kopling mellom forsking, utdanning og internasjonalisering
- Kartlegge og synleggjere fakultetet sitt samspel med arbeidslivet
- Utvikle rutinar for kopling mellom bachelor-/masteroppgåver/ph.d.-prosjekt og andre fou-prosjekt
- Bidra til å utvikle system for ALUMNI i fakultetet i samarbeid med andre einingar i høgskulen
- Bidra til heilskapleg og brukarretta informasjon for å nå betre ut til studentar, fagmiljø internt og eksterne samarbeidspartar
- Utarbeide og strukturere informasjon om internasjonalisering til studentar og internasjonale samarbeidspartnarar
- Utvikle og utnytte digitale løysingar som kan understøtte arbeidet med betre oversikt, samanheng og samarbeid mellom utdanning, forsking og arbeidsliv
- Utvikle opplegg for forskingsdag for studieprogram og studentar
- Bidra til å vidareutvikle BARNkunne-senteret og understøtte oppstartfasen av forskarskulen NORBARN
- Bidra til å vidareutvikle ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar
Andre relaterte arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle.
Kvalifikasjonskrav
- Høgare utdanning på masternivå
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Utviklingsorientert, initiativrik og fleksibel
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Strukturert, ansvarleg og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Eit spannande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Gode velferdsordningar
- Lønn etter avtale
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:
- Eli Borsholm, studieadministrativ leiar, tlf. 55 58 59 57 / 920 29 150
- Håvard Ulstein, seniorrådgivar, tlf. 55 58 58 87 / 924 49 011
Ta gjerne en titt på
www.hvl.no
Registrer din søknad med vitnemål/karakterutskrift og CV
innen 30. januar.
Ved spørsmål om Trainee Vest, vennligst ta kontakt per epost
NO.jeffersonwells.traineevest@jeffersonwells.no