Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar, ulike årsstudium og ei rekke vidareutdanningar.
HVL har vidare sterke fagmiljø innan dei ulike administrative tenestene, der kvalitet, nye løysingar og forbetringar i tenestene er i sentrum kvar dag.
Vil du vera med å byggja landets neste universitet?
Vi søkjer no
Trainee ved Avdeling for forskning, internasjonalisering og innovasjon
Vi ynskjer ein trainee knytt til ansvarsområdet internasjonal mobilitet og utvekslingsavtalar. Internasjonal mobilitet (utveksling) er eit satsingsområde for HVL og traineen vil inngå i faggruppa som har dette ansvarsområdet. AFII kan tilby ein trainee erfaring med administrering av internasjonalt samarbeid innan studentmobilitet i eit positivt arbeidsmiljø med hektiske arbeidsdagar og mange ballar i lufta. Traineen vil inngå som tilsett i faggruppa og utføre arbeidsoppgåver saman med dei andre tilsette.
Arbeidsoppgåver vil vere å
- sakshandsama studentmobilitet, båe innkomande og utreisande. I samband med dette:
- følgje opp utvekslingsstudentar i HVL si utvekslingsapp «HVL Utveksling»
- samarbeide med internasjonale partnarinstitusjonar
- følgje opp HVLs deltaking i Erasmus+
- planlegge og gjennomføre informasjonsmøte
- bidra til integrering av internasjonale studentar i norske studiemiljø
- Samarbeide med studentassistentar
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar i Global Lounge
- planlegge og gjennomføre Internasjonal dag
- vedlikehalde og vidareutvikle utvekslingsnettsider (www.hvl.no/utveksling)
- delta i informasjonsarbeid retta mot studentar og tilsette ved HVL (Nettsider/SoMe/informasjonsmøte)
- delta i AFII sine utviklingsprosjekt
Ønska kvalifikasjonar
- Mastergrad med relevans for den utlyste stillinga
- God kjennskap til høgare utdanning og høgskulen sitt samfunnsoppdrag
- Det blir lagt stor vekt på evne til å kommunisere med studentar, tilsette og samarbeidspartnarar
- God kunnskap om bruk av ulike digitale verktøy
- Internasjonal erfaring frå t.d. utveksling
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskaper
- Initiativrik og med evne til å vere ein pådrivar i utviklingsarbeid
- Gode samarbeidsevner og evne til sjølvstendig arbeid
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, skriftleg og munnleg
- Strukturert og med god gjennomføringsevne
- Evne til å byggje gjensidig tillit
Vi tilbyr
- Eit spannande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Gode velferdsordningar
- Lønn etter avtale
Ta gjerne en titt på
www.hvl.no
Registrer din søknad med vitnemål/karakterutskrift og CV
innen 30. januar.
Ved spørsmål om Trainee Vest, vennligst ta kontakt per epost
NO.jeffersonwells.traineevest@jeffersonwells.no